Description
Under Bergens smog bur ein ubestemt skapning, ei ung kvinne, stranda på ein midlertidig hybel. Ho finansierer husleige, alkoholforbruk og studielån med løna for arbeidet i makuleringstenesta til Fretex. Ho har ein kvernande einetale i sitt indre, men likar å bli forstyrra av vener. «Håpet og festen» er ein roman om den latterlege avstanden mellom det vesle livet ein er bunden i og dei store banda som knyter verda saman. Om å gløyme å drøyme om kven ein skulle ha blitt, og likevel bli stressa av å samanlikne seg med andre. Om å vere eller ikkje vere del av ein eigedomsmarknad, eit arbeidsliv, ein by. Om trivsel og fridom i blindsonene og om trongen til å forsvare seg.
Détails du livre
Format
Relié
Pages
90 pages
Langue
Norvégien
Publié
sept. 21, 2015
Éditeur
Kolon Forlag
Éditions
2 éditions
ISBN-10
820548578X
ISBN-13
9788205485785