Prosessen

Prosessen

Pas encore d'évaluations
2022 · Norvégien Nynorsk · Kindle · 932 editions
Ajouter à l'étagère

Évaluer ce livre


Exporter le journal de lecture

Description

Prosessen (1925) er ein av dei mest vidgjetne romananefrå det tjuande hundreåret. Han er omsett til tallause språk og kan sjåast som ein av dei grunnleggande tekstane for å skjøne det vi kallar den moderne livskjensla. Hovudpersonen K. blir tilsynelatande kasta inn i ei verd styrt av reglar og logikk som er ukjende både for han lesaren. Dette gir einurovekkande og tidvis mørkt komisk effekt og gjer at boka kjennest aktuelt også idag. Franz Kafka skreiv manuset i hovudsak i 1914 og 1915, men det vart liggande uferdig. Før forfattaren døydde, bad han venen Max Brod om å øydeleggjedei uferdige manusa hans. Men Brod følgdeikkje ønsket, han pusla dei lause manussidene av Prosessen saman og publiserte verket. Det er Brodsutgåve og rekkjefølgje som ligg til grunn for denne nyomsetjinga. Brod stod Kafka svært nær, og det er all grunn til å tru at hans utgåve også er den som står Kafka nærast. Franz Kafka (1883-1924) vert sett på som ein av de iviktigaste forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen. I levetida var den tyskspråklege, jødiske forfattaren lite kjendutanfor heimbyen Praha, men frå seint i 1920-åra påverka han både litteraturen og sjølvforståinga i heile det tjuande hundreåret. I dag er Franz Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda, og særpreget i forfattarskapen var sterkt nok til å gjere namnet hans til omgrep i språket. Når verda framstår framand for oss, kan vi kalla henne kafkask, og når styresmakter eller storkapitalismen yter oss urett, blir det fort ein kafka-prosess.

Détails du livre

Format Kindle
Pages 264 pages
Langue Norvégien Nynorsk
Publié Apr 7, 2022
Éditeur Skald AS
Éditions 932 editions
ISBN-10 8279593373
ISBN-13 9788279593379
Ajouter à l'étagère

Évaluer ce livre


Exporter le journal de lecture