Buchdetails
Beschreibung
Då eg strekte meg framover bordet for å sjå kva eg skulle fylle glaset med no, så eg at Nadia gjorde ei bydande rørsle med handa, inviterande, som om ho ville seie "ver så god, berre ta for deg, kva som helst!", det skulle eg gjere, tenkte eg, "berre ta for deg, kva som helst", og eg tenkte at det var den finaste rørsla eg nokon gong hadde sett, med handflata open, ein liten boge med handleddet.