Dettagli del libro
Formato
Copertina rigida
Pagine
151
Lingua
Norvegese
Pubblicato
Jan 1, 2006
Editore
Det Norske Samlaget
ISBN-10
8252168671
Descrizione
Eg sette meg i den mjuke hjørnesofaen, nesten inne i hjørnet, nærast Nadia. Ho fylte i glaset mitt. Ho sa det var hyggeleg at eg ville kome og sitje der, at eg blei så langt vekke når eg sat borte i stolen. Paul sa at eg var den einaste som kunne gjennomføre denne planen dei hadde. Eg spurte kva det var, sa at eg måtte vite kva det var, før eg sa ja eller nei til noko.
Då eg strekte meg framover bordet for å sjå kva eg skulle fylle glaset med no, så eg at Nadia gjorde ei bydande rørsle med handa, inviterande, som om ho ville seie "ver så god, berre ta for deg, kva som helst!", det skulle eg gjere, tenkte eg, "berre ta for deg, kva som helst", og eg tenkte at det var den finaste rørsla eg nokon gong hadde sett, med handflata open, ein liten boge med handleddet.