Melancholia I & II

Melancholia I & II

No ratings yet
2004 · Norwegian · Hardcover
Add To Shelf

Rate this book


Export Book Journal

Description

Mange ser no på Lars Hertervig som vår kanskje fremste malar. I samtida blei han sett på som ein tulling.

I romanen Melancholia I gir Jon Fosse si framstilling - medfølande og gripande - av korleis Lars Hertervig kan tenkjast å ha hatt det den dagen han som kunsstudent i Düsseldorf blei kasta ut frå hybelen sin fordi han hadde forelska seg i den unge dottera i huset. Og korleis kan vel Hertervig ha hatt det den morgonen han stakk av frå Gaustad asyl, der han blei innlagd etter at det stavangerske borgarskapet, som og hadde kosta han til Düsseldorf, kom fram til at mannen var galen?

Dette er ein roman om malar Hertervig, men først og fremst er det stor litteratur, der Jon Fosse, ein av våre mest eigensindige forfattarar, skriv fram sine tydelege sjelsbilete.

I Melancholia II, som fullfører Jon Fosses Melancholia-roman, møter vi igjen malar Hertervig, men denne gongen gjennom episodar frå hans liv opplevd i det skrøpelige minnet til den sjuklege - og døyande - syster hans, Oline, som vi følgjer ein dag i Stavanger året 1902.\, der ho elles for det meste er opptatt av å skaffe seg fisk å ete og av å komme seg på do i tide.

Det er mykje som tyder på at Jon Fosses Melancholia vil bli ståande som eit hovudverk i 1990-åras litteratur.

Book Details

Format Hardcover
Pages 389 pages
Language Norwegian
Published Jan 1, 2004
Publisher Det Norske Samlaget
ISBN-10 8252149731
ISBN-13 9788252149739
Add To Shelf

Rate this book


Export Book Journal